Sjekkliste for skribentar

Korleis kan du sørge for at teksten din fungerer? Her er ei sjekkliste.

BOKMÅL

  1. Kven skriv du for?
  2. Kvifor skriv du?
  3. Lag orden i teksten
  4. Lag klare setningar
  5. Vel riktige ord
  6. Om stil, tone og korrektur

    1 Kven skriv du for?

    Ha klart for deg kven du skriv for, og kvifor mottakaren skal få teksten

    Når du har eit tydeleg bilete av mottakaren, er det lettare å tilpasse teksten til han eller henne.

    Vurder kva mottakaren veit frå før, og kva du bør forklare

    Har mottakaren fått informasjon om saka skriftleg, på telefon eller i møte før?

    Tilpass teksten din til den som er hovudmottakar

    Har du fleire ulike mottakarar, kan du lage eit generelt samandrag til hovudmottakaren eller dele teksten og skrive tilpassa informasjon for kvar mottakargruppe.

    2 Kvifor skriv du?

    Få klart fram kvifor mottakaren skal lese og bruke teksten

    Om formålet med teksten er at mottakaren skal gjere noko, bør du passe på at det kjem tydeleg fram.

    Ta med det som er relevant for mottakaren

    Skriv kort. Då sparar du plass, og mottakaren sparar tid. Tenk grundig over kva som bør vere med i teksten. Kan du fjerne tekst som mottakaren truleg ikkje har nytte av?

    Les meir

    Til toppen

    3 Lag orden i teksten

    Lag ei hovudoverskrift som fortel kva teksten handlar om

    Hovudoverskrifta må gi meining for mottakaren og signalisere kva teksten handlar om.

    Set det som er viktigast for mottakaren, først eller langt framme i teksten

    Det som er viktigast for deg som skribent, er ikkje alltid det viktigaste for mottakaren. Ofte er det lurt å skrive ein konklusjon eller eit samandrag først. Det gjer ikkje noko om du gjentek konklusjonen til slutt.

    Del lange tekstar inn i avsnitt, og set avsnitta i ei rekkefølgje som er logisk for mottakaren

    Ei god avsnittsinndeling gir både skribenten og mottakaren god oversikt over innhaldet. Kvart avsnitt må ha eit klart hovudpoeng, og avsnitta må plasserast i ei logisk rekkefølgje.

    Lag mellomoverskrifter som svarar til innhaldet i avsnitta

    Hovudpoenget i kvart avsnitt bør kunne oppsummerast i ei mellomoverskrift. Ideelt sett skal ein lesar kunne få eit inntrykk av innhaldet i ein tekst berre ved å skumme mellomoverskriftene.

    Døme

    Til toppen

    4 Lag klare setningar

    Ikkje skriv for lange og kompliserte setningar, men sei éin ting om gangen

    Del lange setningar som kan delast. Prøv å unngå lange innskot. Vurder om du kan skilje ut innskota som eigne setningar.

    Døme

    Pass på at nødvendig informasjon ikkje er underforstått eller utelaten

    Hugs at ikkje alle mottakarar har dine kunnskapar. Ikkje overlat til mottakaren å finne ut kva som står mellom orda og linjene.

    Bruk heller konkrete verb enn tunge substantiv når du skildrar ei handling

    Unngå tunge omskrivingar med substantiv. Bruk heller konkrete verb tidleg i setninga. Då får du som regel fram kven som handlar.

    Døme

    Ver aktiv når du kan

    Som regel er det best å nemne kven som gjer kva, om det ikkje er grunn til å la det vere.

    Døme

    Til toppen

    5 Vel riktige ord

    Unngå fyllord og unødvendige presiseringar

    Fjern fyllord og presiseringar som ikkje gir setninga meir informasjon. Bruk korte ord i staden for lange og samansette ord. (Ei problemstilling er ofte berre eit problem.)

    Døme

    Vel oppdaterte og konkrete ord

    Vel ord som ligg nær daglegspråket. Unngå gammaldagse ord og uttrykk. Styr også unna abstrakte ord med vagt innhald.

    Meir om gammaldagse ord og vendingar

    Meir om abstrakte ord

    Forklar eit faguttrykk første gong du brukar det

    Hugs at forklaringa må vere god. Unngå å forklare eitt faguttrykk med eit anna, eller berre å vise eit døme på bruk av faguttrykket.

    Døme

    Til toppen

    6 Om stil, tone og korrektur

    Tilpass stil og tone til mottakaren og formålet med teksten

    Hugs at alle vala du tek når du skriv, er med på å gi teksten eit visst stilnivå.

    Tunge substantiv, mange passivformer, gammaldagse ord og lange setningar gir teksten ein høgtideleg og formell stil og skapar avstand mellom tekst og lesar.

    Konkrete, aktive verb, kortare setningar og direkte tiltale (du-form) gir ein mindre formell stil og gjer avstanden mellom tekst og lesar mindre.

    Difor må du ha mottakaren og formålet i mente gjennom heile skriveprosessen.

    Les korrektur

    Ikkje stol på stavekontrollen. Bruk ordbøker og nettstaden til Språkrådet om du er i tvil, eller be ein kollega om hjelp.

    Last ned sjekklista i plakatform (pdf) her.

    Til toppen

    Sist oppdatert 1. juni 2016

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:05.12.2008 | Oppdatert:27.04.2018