Forsking

Dei fleste felta innanfor forskinga er internasjonale og sterkt spesialiserte, og det er semje om at forskarane sjølv må få velje kva som skal vere forskingsspråk og internasjonalt fagspråk innanfor deira spesialområde. Det er i publiseringa av forskingsbidraga – der forskarane gjer språkvala – vi kan registrere omfanget av bruk av ulike språk, og her aukar bruken av engelsk meir enn bruken av norsk.

Engelskbruken aukar

Det internasjonale vitskapsspråket er engelsk i dei aller fleste fag. Alt rundt 1980 var om lag åtte av ti bidrag frå norske forskarar innanfor naturvitskaplege disiplinar og medisin publiserte på eit ikkje-skandinavisk språk, oftast engelsk, og i 2010 var talet kome opp i 95 prosent eller meir for naturvitskaplege og teknologiske fag (talet for medisin hadde auka litt mindre).

I humaniora og samfunnsvitskaplege fag har dette vore annleis. Kring 1980 blei 34 prosent av forskingsbidraga i humaniora publiserte på eit ikkje-skandinavisk språk, og i samfunnsvitskap gjaldt det 30 prosent. Med internasjonaliseringspolitikken og globaliseringa har dette endra seg. I 2010 var om lag halvparten av bidraga i dei to faggruppene på eit anna språk enn norsk, og det er framfor alt publiseringa på engelsk som har styrkt seg her òg sidan 1980.

Mindre auke i bruken av norsk som forskingsspråk

Naturvitskap, samfunnsvitskap og humaniora skil lag både når det gjeld emne, metodar, sjangerbruk, geografisk nedslagsfelt og samfunnstilknyting. Det er ikkje opplagt at engelsk treng bli fagspråket i alle disiplinar, slik det faktisk ser ut til å vere ein tendens til.

I dag får universiteta og høgskolane noko av løyvingane etter kor mykje dei vitskapleg tilsette publiserer. I systemet av rangerte tidsskrift, forlag osv., det såkalla teljekantsystemet, gjev dei internasjonale kanalane størst utteljing, og her dominerer engelsk. Fleire hevdar at dette favoriserer bruk av engelsk, men ei evaluering viser at også publiseringa på norsk aukar i systemet. Problemet er at publiseringa på engelsk aukar mykje sterkare, slik at norsk relativt sett går tilbake som forskingsspråk i eit samla perspektiv.

Tendensen er enda klarare blant yngre forskarar. Om lag ni av ti doktorgradsavhandlingar i Noreg blir skrivne på engelsk. Dette er eit gjennomsnitt for alle fag og er derfor eit svært høgt tal. Både i samfunnsvitskap og humaniora er det meir av engelsk i avhandlingane enn det som er gjennomsnittet for faga, faktisk like mykje som i naturvitskapleg publisering generelt.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.07.2012 | Oppdatert:29.05.2017