Viktige reglar

Her ligg dei viktigaste reglane i mållova, som regulerer bruken av nynorsk og bokmål i staten.

Nokre av reglane er felles for alle statsorgan, medan andre særleg gjeld sentrale på den eine sida og lokale og regionale på den andre (les meir om ulike typar statsorgan her).

Reglar for alle statsorgan

Namn i båe målformene

Alle statsorgan skal ha namn som kan brukast i båe målformer. Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet ha ei bokmålsform og ei nynorskform.

Skjema i båe målformer

Alle typar skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i båe målformer.

Svar i eiga målform

Privatpersonar og private verksemder som vender seg til staten, skal ha svar i den målforma dei sjølve brukar. Private kan òg krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular o.l. (t.d. førarkort) som direkte gjeld dei sjølve.

Tekstar som gjeld eit geografisk avgrensa område

Når eit statsorgan lagar skriv som har særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område, skal det bruke fleirtalsmålforma for området. Eit døme kan vere ei stillingslysing som gjeld tre kommunar. Dersom kommunane har ulike målvedtak (vedtak etter § 5 i mållova), skal statsorganet bruke fleirtalsmålforma i stillingslysinga, altså den målforma som to av tre har valt. Dersom eit fleirtal har nøytralt målvedtak, må statsorganet ta rimeleg omsyn til målbruken i området. Dersom statsorganet vender seg særleg til ein einskild kommune eller lagar tilfang som særleg gjeld éin kommune, skal det følgje målvedtaket i den kommunen. Den same regelen gjeld i kontakt med fylkeskommunar.

Opplæring

Kvart statsorgan har ansvaret for at tilsette som treng det, får opplæring i bokmål og nynorsk innan rimeleg tid.

Særlege reglar for sentrale statsorgan

Publikumsretta tilfang: Båe målformene skal brukast

I alt publikumsretta, skriftleg tilfang som sentrale statsorgan lagar, skal båe målformene vere representerte med minst 25 prosent. Det gjeld også for brosjyrar og redaksjonelt stoff i blad, tidsskrift og bøker.

Skriv til andre sentrale statsorgan: Fritt val av målform

Sentrale statsorgan er alltid språkleg nøytrale. Det inneber at dei sjølve kan velje målform i skriv til andre sentrale statsorgan.

Skriv til andre statsorgan: Tenestemålet til mottakaren skal brukast

I skriv til regionale og lokale statsorgan skal sentrale statsorgan bruke tenestemålet til dei aktuelle organa.

Særlege reglar for regionale og lokale statsorgan

Tenestemål

Regionale og lokale statsorgan kan ha tenestemål, som inneber at ei av målformene skal brukast i publikumsretta tilfang. Tenestemålet skal i tillegg nyttast i skriv til alle statlege organ.

Regionale statsorgan dekkjer gjerne eitt eller fleire fylke eller delar av fleire fylke. Det er fleirtalsmålforma i desse kommunane som avgjer kva som er tenestemålet. Tenestemålet i lokale statsorgan blir bestemt av målvedtaket i den kommunen som er tenestekrins.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:09.02.2015 | Oppdatert:15.12.2016