«Da» eller «når»
Mange synest det er vanskeleg å skilje mellom da og når.
Kort sagt blir da berre brukt om einskildhendingar og samanhengande periodar i fortid (medrekna historisk presens). Elles er det når som rår.
Denne skuleregelen gjeld for fortid:
Den gong da, kvar gong når.
Når du skal fortelje om noko som skjedde éin gong, i fortida, bruker du da:
- Da han kom, byrja vi å ete.
- Ho grein da ho høyrde kva som hadde hendt.
- Da eg oppdaga feilen, retta eg han med éin gong.
Merk at du må sjå på verbet i leddsetninga som blir innleidd med da/når:
- Da eg budde i Oslo, gjekk eg på kino kvar dag.
Det avgjerande her er at «eg» budde éin gong, altså i ein samanhengande periode, ikkje at «eg» gjekk fleire gonger på kino!
Er det tale om repetisjon i leddsetninga, er det styrande. Det må bli når:
- Vi åt alltid når han kom.
I presens handlar det om vane, og «når» gir seg sjølv. «Når» er òg det opplagde valet i futurum, anten det handlar om éin eller fleire gonger.
- Når eg er i Oslo, bruker eg å vitje tanta mi.
- Når det stormar om hausten, liker vi best å sitje framfor peisen med ei god bok.
- Når eg blir stor, skal eg flytte til Frankrike.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.