There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Retningslinjer

Retningslinjer

Opptak av tyske og danske importord i nynorske ordbøker og ordlister

Allmenne retningsliner

  • Ord som har stor utbreiing i norske dialektar, bør ikkje haldast ute frå nynorske ordlister og ordbøker – med avgrensingane nedanfor.
  • Ein skal leggje vekt på om ordet alt er i vanleg bruk i skriftleg nynorsk.
  • Ein tek ikkje opp ord når dei er synonyme med etablerte nynorskord og ligg nær slike ord i bygnad og skrivemåte. Døme: åtvare/ikkje advare
  • Opptak av ord i ei ordklasse treng ikkje føre til at ein tek opp tilsvarande ordstamme i andre ordklasser. Døme: uansett/ikkje ansjå, betenkt/ikkje betenkje
  • Ein markerer ikkje etymologisk samanheng mellom importordet og andre nynorskord dersom det ikkje er vanleg å ha slik formsamanheng i dialektane. Døme: begavelse/ikkje begåvelse

Retningsliner for særlege ordgrupper

  • Ein tek ikkje opp ord med førestavingane an- og be- der nynorsk i same tyding har same ordrota utan den aktuelle førestavinga, eventuelt med etterfølgjande preposisjon. Døme: tvile på/ikkje betvile, nytte/ikkje benytte
  • Ein tek ikkje opp verb på -ige og avleiingar av dei. Døme: Ikkje beskjeftige, avskjedige
  • Ord på -else kan takast opp berre når ein ikkje har synonyme ord på -ing, -nad eller utan etterstaving. Døme: Ikkje anerkjennelse, frigjørelse, besvarelse 
  • Ein tek ikkje opp fleire substantiv i inkjekjønn på -ande. Døme: Ikkje forgodtbefinnande, illebefinnande
  • For etterstavinga -heit gjeld desse restriksjonane:
    • Ein tek ikkje opp -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -et(e)/-ut: Ikkje fordømtheit, klossetheit
    • Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing
    • Ord på -sam skal ha -semd som einaste avleiing
    • Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, skal ikkje takast opp med -heit
    • Ein godtek ikkje -heit-ord derkortavleiingar er i bruk i dialektane. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit

(Retningslinene vart vedtekne med 18 mot 1 røyst av nynorskseksjonen på årsmøtet til Norsk språkråd 3. februar 1999.)

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.05.2004 | Oppdatert:28.11.2017