There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Vilkår for tildeling av nynorskkurs

Vilkår for tildeling av nynorskkurs

Alle statsorgan og statlege helseføretak som skal oppfylle krava i lov om målbruk i offentleg teneste (mållova), kan søkje Språkrådet om nynorskkurs.

Dette gjeld både sentrale (som dekkjer heile landet) og regionale statsorgan. Regionale statsorgan vil seie både sjølvstendige verksemder som dekkjer mindre enn heile landet (t.d. eit fylkesmannsembete eller ein domstol) og ei region- eller fylkeseining av eit sentralt statsorgan.

Vilkår for tildeling

For å tildele nynorskkurs krev Språkrådet at statsorganet skal levere ein realistisk og forpliktande plan for korleis det skal følgje opp kurset og arbeide med nynorsk.

Språkrådet prioriterer søknadene etter ei samla vurdering etter desse jamstilte kriteria:

  1. kor gode planar statsorganet har for nynorskarbeid generelt
  2. kor gode og gjennomarbeidde planar det har for oppfølginga av nynorskkurset, og
  3. kor mykje kontakt statsorganet har direkte med publikum

Økonomiske vilkår

Kurset er gratis, men statsorganet må sjølv dekkje reise og opphald for kurshaldarane etter statens satsar. Språkrådet avgjer sjølv om det stiller med ein eller to kurshaldarar.

I somme tilfelle brukar Språkrådet eksterne kurshaldarar. Dersom eit kurs som skal haldast av ein ekstern kurshaldar, blir avlyst av statsorganet mindre enn sju dagar før kurset skal byrje, må statsorganet dekkje lønskostnadene for det arbeidet den eksterne kurshaldaren har gjort.

Krav til kursdeltakarane

Før kurset skal kursdeltakarane skrive ein tekst kvar på éi A4-side som dei skal sende til kurshaldarane seinast ti dagar før kurset.  Desse tekstane er utgangspunkt for delar av undervisninga på kurset. Deltakarane får individuell tilbakemelding på teksten etter kurset. Teksten skal helst vere ein tekst dei uansett ville ha skrive i arbeidet sitt.

Etter kurset skal deltakarane skrive ein tekst til som skal sendast til kurshaldarane. Deltakarane får invididuell tilbakemelding på teksten.

 

Sist oppdater: 19. mars 2015

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.12.2012 | Oppdatert:09.05.2017