There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Forsking og høgare utdanning

Språk i forsking og høgare utdanning

I universitets- og høgskolesektoren er norsk under press frå engelsk som forskingsspråk, undervisningsspråk og fagspråk generelt. Det er politisk semje om at det ville vere svært negativt for samfunnet og demokratiet om norsk skulle bli trengt unna her. For å førebyggje dette trengst det språkpolitiske strategiar.

Sektoren har i skiftande grad følgt opp dei språkpolitiske anbefalingane som Universitets- og høgskolerådet (UHR) offentleggjorde i 2007. Eitt av tiltaka var at lærestadene bør lage sin eigen språkpolitikk for å møte dei nye utfordringane. Dette var òg lagt til grunn i stortingsmeldinga Mål og meining frå 2008. Fleire institusjonar har no følgt opp dette.

I forskinga styrkjer engelsk seg generelt jamført med norsk. Lenge var det mest i naturvitskaplege og liknande fag at forskarane offentleggjorde bidraga sine på engelsk, men i dei siste åra har publiseringa på engelsk auka kraftig også i andre fag. I samfunnsvitskaplege og humanistiske fag blir det publisert meir på norsk òg, men alt i alt står norskspråklege forskingsbidrag no for ein minkande del av den samla forskingspubliseringa.

I høgare utdanning blir undervisning på engelsk stadig vanlegare. Vi manglar ferske tal, men meir enn kvar fjerde masterstudent er no registrert på eit program som blir utlyst som engelskspråkleg, og bortimot fire av ti masteroppgåver blir skrivne på engelsk. Om språk i pensumlitteraturen veit vi at prosentdelen av norsk på lågare nivå ser ut til å halde seg stabil.

I 2009 fekk universiteta og høgskolane ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk. UHR har teke opp arbeidet med korleis institusjonane kan følgje opp dette.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.06.2008 | Oppdatert:05.04.2017