There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Skal du modellere omgrep?

Skal du modellere omgrep?

Offentleg sektor er i gang med å modellere og strukturere omgrep for m.a. elektronisk informasjonsforvaltning og tilgjengeleggjering av datasett. Her finn du nyttige ressursar som kan  brukast i dette arbeidet.

Vil du lære meir om omgrepsarbeid?

Innføringsheftet Termlosen gjev ei kort innføring i omgrepsarbeid. Du kan også kontakte Språkrådet om organisasjonen din ønskjer eit tilpassa kurs. Skriv til term@sprakradet.no.

Difis rettleiar for orden i eige hus gjev råd om korleis du kan organisere arbeidet i organisasjonen din. Du kan også lese om korleis fagfolk i universitets- og høgskulesektoren organiserer sine termprosjekt.

Treng du hjelp frå standardar?

Difi har utarbeidd Forvaltningsstandard for omgrepsbeskrivingar og Forvaltningsstandard for omgrepskoordinering. Du finn dei i Difis referansekatalog for forvaltningsstandardar for omgrepsanalyse og definisjonsarbeid.

Ny versjon av Forvaltningsstandard for omgrepsbeskrivingar vart lansert i byrjinga av 2019 saman med ein eigen rettleiar. Det gjeld også to tilhøyrande standardar for maskinell tilgjengeleggjering, éin for TBX-format og éin for SKOS-format.

Forvaltningsstandard for omgrepskoordinering vil bli revidert i løpet av 2019. Språkrådet leier dette revisjonsarbeidet i tett samarbeid med m.a. Difi. Du kan lese meir om arbeidet her.

Ei rekkje ISO-standardar er nyttige for organisasjonar som driv med omgrepsmodellering, t.d. ISO 704 Terminology work – Principles and methods, NS-ISO 1087-1:2000: Terminologiarbeid - Ordliste - Del 1: Teori og anvendelser, og ISO 24156 Graphic notations for concept modelling in terminology work and its relationship with UML. Ei fullstendig oversikt over relevante standardar finn du på ISOs nettstad. Standardane er tilgjengelege på nettstaden til Standard Norge.

Omgrepskatalog?

Brønnøysundregistera har lansert ein betaversjon av Felles omgrepskatalog. Fleire offentlege institusjonar kjem til å gjere terminologien sin tilgjengeleg i denne portalen. Felles omgrepskatalog vert vidareutvikla i 2019 med m.a. ei registreringsløysing for offentlege organisasjonar som ikkje har eigen termbank/omgrepskatalog. Kontakt Brønnøysundregistera for å få meir informasjon: fellesdatakatalog@brreg.no.

Vil du vere oppdatert på omgrepsarbeid i informasjonsforvaltning?

Fagleg arena for informasjonsforvaltning er eit nettverk der deltakarane deler erfaringar frå arbeidet med informasjonsforvaltning i ein serie med seks seminar i året. Fleire av seminara har dreia seg om omgrep og omgrepsarbeid. Presentasjonar og videoopptak frå tidlegare møte er lagde ut på nettstaden til nettverket.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:11.01.2019 | Oppdatert:02.04.2019