Ord på -heit
Er det lov å bruka ord på -heit i nynorsk? Ja, i nokon mon. Men ofte er det betre å nytta andre ord eller skriva om. Språkrådet har utarbeidd reglar for kva for -heit-ord som kan nyttast. Her får du eit oversyn over reglane, og nokre råd om omskriving.
Reglar for ordlaging
Språkrådet godtek i dag -heit (ikkje -het) som ei ordinær og produktiv ordlagingsending i nynorsk. Endinga bør likevel ikkje nyttast slik at ho trengjer ut innarbeidde ordlagingsmåtar i nynorsk. Språkrådet har utarbeidd reglar for kva for -heit-ord som kan nyttast. Ord på -heit kan takast inn i nynorskordbøkene etter desse reglane:
- -heit-avleiingar av perfektum partisipp, presens partisipp og av adjektiv på -ete blir ikkje godtekne: ikkje fordømtheit, skikkaheit, klossetheit.
- Ord på -laus skal ha -løyse som einaste avleiing (t.d. arbeidslaus > arbeidsløyse).
- Ord på -sam skal ha -semd ;som einaste avleiing (t.d. sparsam > sparsemd).
- Ord som i nynorsk har etterstavingane -dom, -leik og -skap i allmenn bruk, får normalt ikkje ei form med -heit i tillegg (merk at det likevel finst valfrie par som godheit/godleik).
- Ord der kortavleiingar er i bruk i dialektane, får ikkje -heit. Døme: samvit, rettferd, vanske, ikkje samvittigheit, rettferdigheit, vanskelegheit.
Hugs at -heit-ord er hokjønnsord i nynorsk:
ei nyheit – nyheita – nyheiter – nyheitene
Råd om omskriving
Om du ikkje vil bruka eit -heit-ord, kan du ofte skriva om. Men det bør ikkje gjerast mekanisk, og i mange tilfelle bør ein la -heit-ord stå. Råda nedanfor kan vera nyttige, til dømes når du skal setja om tekst frå bokmål til nynorsk:
Skil -het frå stamma og erstatt endinga med eit substantiv:
- Tiltalte forsvarte seg med verdighet >
Den tiltala forsvara seg på ein verdig måte / på verdig vis. - Regjeringen har vist sterkt engasjement for forutsigbarhet i ressursfordelingen >
Regjeringa har vist sterkt engasjement for ei føreseieleg fordeling av ressursane. - Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at - Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.
Bruk adjektivdelen av -het-ordet saman med eit verb som vera, bli eller verta:
- Det er økende sannsynlighet for at >
Det er/blir/vert meir og meir sannsynleg at / stadig meir sannsynleg at
Skriv om med infinitiv kombinert med ei av dei to løysingane som er skisserte ovanfor:
Regjeringen har lagt vekt på langsiktighet i den økonomiske politikken. >
Regjeringa har lagt vekt på å føra ein langsiktig økonomisk politikk.
Fann du det du leita etter?
Trykk på Ja eller Nei og skriv ei tilbakemelding med ris, ros eller begge delar. Vi svarar ikkje på tilbakemeldingane, men vi les dei aller fleste nøye.