There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Nynorskarbeid

Nynorsk i det offentlege

Gode rutinar er avgjerande for at det offentlege skal kunne veksle godt mellom målformene. Her er eit framlegg til rutinar i arbeidet.

Enkle reglar

Dei interne rutinane for fordelinga av målformene bør vere enkle. Statsorgan som brukar mest bokmål, kan t.d. ha ein regel om at kvar tredje pressemelding skal vere på nynorsk, og tilsvarande reglar for rundskriv, stillingslysingar, annonsar, brosjyrar og andre tekstar.

Mållova er eit leiaransvar

I alle organisasjonar er det leiarar som har det overordna ansvaret for at reglane blir følgde, målbruksreglane er ikkje noko unntak. Det inneber at leiinga frå tid til anna må be om oversikt over fordelinga mellom målformene i tilfanget organisasjonen lagar.

Opplæring og kompetanse

Nye medarbeidarar må få opplæring i regelverket. Leiinga må òg syte for at det finst både bokmåls- og nynorskkompetanse i viktige posisjonar i organisasjonen.

Kvar avdeling må ha ansvar

Hjå store statsorgan med mange avdelingar bør kvar einskild avdeling ha ansvar for å oppfylle krava i mållova, elles blir ansvaret fort pulverisert.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:13.07.2011 | Oppdatert:13.01.2017