There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Leke og lærde

Leke og lærde

Kan det heite «leke dommarar»?

Første leddet i ord som lekdommar og lekpredikant er adjektivet lek. Ein lekdommar har ikkje juridisk utdanning slik ein fagdommar har, men kan vere meddommar i det norske rettssystemet. Ein lekpredikant er i motsetning til ein prest ikkje teologisk utdanna. Generelt er lekfolk personar som ikkje er spesielt faglærte eller sakkunnige på eit område. 

Norsk har fått adjektivet lek gjennom latin frå gammalgresk laikós. Det er kjent alt frå norrønt, der forma var leikr. Nynorsk har forma lek, bokmål valfritt lek eller leg.

Dette ordet blir òg brukt som eit frittståande adjektiv, som i leke medlemmer og leke dommarar. Det er ikkje alle som er fortrulege med denne språkbruken, men i kyrkjelova står det vendingar som en lek kirkelig tilsatt og presten og de fem leke medlemmene.

Velkjent er uttrykket lek og lærd, som i forfattaren skriv for både lek og lærd, det vil seie for folk både med og utan sakkunnskap.

 

Publisert 30. mars 2009

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:30.03.2009 | Oppdatert:01.02.2019