There is a license error on this site:
License has expired
The Web site remains functional, but this message will be displayed until the license error has been corrected.

To correct this error:If you do not have a license file, please request one from EPiServer License Center.
Historikk

Historikk

Tusenårsskiftet markerte eit skifte også på det språkpolitiske området. Land etter land i Europa har gripe tak i situasjonen til nasjonalspråket og vurdert kraftige kulturpolitiske verkemiddel for å sikre at nasjonalspråket ikkje kjem i underlegen posisjon i eige land.

Frå Norsk språkråd til Språkrådet

Ein kan sjå omdanninga av Norsk språkråd til Språkrådet i lys av dette. Det er ei omdanning både langs ei organisatorisk og ei språkpolitisk linje.

Mange vil hevde at det har vore den same språkpolitikken like sidan jamstillingsvedtaket i 1885. Denne språkpolitikken har ført til målstrid, ein strid som i all hovudsak har vore til gagn for landet.

Den klassiske målstriden er nok ikkje over, men det ser ut til å vere semje om at kreftene no må samle seg om kamp for det norske målet – bokmål og nynorsk – i Noreg.

Tre generasjonar språknemnder

Den første var Norsk språknemnd (1952–1972). Den tjueårsperioden var prega av tilnærming mellom målformene.

Neste generasjon var Norsk språkråd (1972–2004). Den trettiårsperioden var prega av konsolidering: Bokmålsrettskrivinga vart opna igjen for tradisjonelle riksmålsformer og tvungen tilnærming vart avblåsen, formelt stadfest av Stortinget i 2002.

Den tredje og siste perioden tok til med omdanningsprosessen som starta i 2004. Lov om Norsk språkråd vart oppheva 31. desember 2004. Det nye namnet Språkrådet vart offisielt godkjent av departementet våren 2005. I april 2006 fekk Språkrådet nye vedtekter. I juli same året vart det første ordinære styret oppnemnt, og seinhaustes 2006 var fagråda på plass.

 

Sist oppdatert 23. januar 2012

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.02.2004 | Oppdatert:03.06.2016